Allsang på kaien

allsang

Laurdag 23. juli kl 15 kjem Kristian Bringedal, Reidar Myklebust og Hans Gustav Musland frå Uskedalen med trekkspel  og gitar til kaien på Nordhuglo for å dela kjende songar og det gode humøret sitt med oss.  Det vert sett ut benkar, men ta gjerne med eigen stol.

I pausen er butikken open, og det vert sal av kaffi og kaker.

Velkommen til ein koseleg ettermiddag på kaien!