Riktignok opphald, men iskald nordavind la ikkje nokon dempar på stemninga då dei Rustne menn frå Uskedal vitja kaien med song og musikk. Dei veit å treffa sitt publikum med songar alle kjennar og kan syngja med i – særleg når dei har med songhefte som støtte til alle oss som berre kan fyrste verset av songane. Heimebakst og varm kaffe var óg populært, men enda meire populært var is frå Huglabutikken. Det er jo sumar, og da et ein is! Butikken hadde ein grei quiz i pausen, med ein hyggeleg, uformell trekning som Oddvar vant. Han kunne gå heim og kosa seg med Belgisk Trøffel, andre valte å ta ein tur innom Salamonbua på heimvegen for ein drøs og meir kake.
Ca 100 frammøtte på kaien til allsong, med andre ord eit populært tiltak frå Huglabutikken! Og takk for det.