Her er det Margit og Peder Tveit, saman med Klara og Nils Sortland som har teke turen til Varden, truleg ein søndag for 41 år sidan. Peder hadde fått seg eit såkalla polaroidkamera, og det er han som er fotograf her. Med eit polaroidkamera framkala du bileta med det same du hadde knipsa dei. Kikert i futteral var og eit viktig verktøy å ha med seg når ein gjekk til Varden. Ryggsekken er også av den ”gode gamle sorten”. Me ser eit ”snøravl”, og bilete er truleg teke tidleg om våren.
Tekst og foto, Arne Sortland
Dette var kjempekjekkt å sjå!!!
Det gir så mange utruleg gode minner!!!
Heldig var eg som fekk ein flott oppvekst på ein slik plass!!!