Som tidlegare nemnt: No er det orienteringstid! Postane ligg offisielt ute frå 1.april til 1.oktober. Karta vert som vanleg å få kjøpt i Huglabutikken. I år ligg prisen på 100 kroner.
I år er det lagt ut 25 postar, fortel Sigurd Huglen. Det er Huglo Idrettslag (Kristoffer, John Olav og Sigurd) som har trossa regn og surt vårver, etter at dei har vorte einige innandørs om kor postane skal liggja. Dei prøver å leggja dei slik at det kan verta turar, med varierande utfordringar, både orienteringsmessig og som tur. Postane vert forsøkt lagt slik at dei er synlege på god avstand, men her kan terreng og skog gjera at dette varierer litt for kvar post.
Har det nokon gang hendt at kartet ikkje har stemt med terrenget eller omvendt – at post og merking på kartet ikkje har stemt overeins? Sigurd svarar: “Slik HIL har gjort det til dags dato, så markerar me med sirkel rundt kvar o-post på kartet. Dette vert utført manuelt. Det kan difor førekomme at postane kan ha vore feil plassert på kartet utan at eg har fått tilbakemelding på det. Ein annan ting er der postane er lagt feil ut. Dette har hendt, men då pleier me få tilbakemelding ganske raskt. Feilen vert då retta på dagen.”
Han fortel vidare at førebuing, teikna o-karta, leggja ut postane og etterpå ta dei inn og laga lister m.m. tar omlag tre dagar for kvar av dei tre, altså 9 dagar tilsaman. Her ligg det altså mykje godt arbeide bak den gleda me andre har. Det er fine premiar: Gull, sølv og bronsemerke, turflaske til dei som tar alle postane over fleire år – og for oss som ikkje alltid er topp spreke: Alle som har tatt ein eller fleire postar, vert med i trekninga om ei kake.
Dette er eit særs positivt tiltak, syner antallet deltakarar. Førre sesong var det over 200 som tok postar. Dette var ny rekord. Vert den slått i år? Det varierar mellom 10 og til 20 personar som tar alle postane. Det er jo eit mål for dei spreke, men alle kan delta og skrive namnet sitt på lista i syltetøyglaset på dei enklaste postane. Gleda over ein fin tur med eit spanande mål er der for alle! Og så kan ein jo konkurrera med seg sjølv – kanskje kan eg ropa “der er den!!” fleire ganger i år enn i fjor!
Kupp! Løp og kjøp!
Eg fann, eg fann! Men har problem med lokk til syltetøylgaset! Er gamle dame med dårlig håndledd. Må huske å ta med litt gummi klut…og briller, og karten og kompass og vatn og smittesprøyte og….Kaisa og Kevin!
Tusen takk til HIL att det sett ut så finn kurs hvar år!