Dette pleier å vera den mest besøkte basaren på Huglo anna kvart år. I år er denne basaren til eit godt føremål komande laurdag 5. september kl. 15, i gymsalen i skulehuset. Som det høver seg på ein gamaldags basar, vert det loddsal og åresal og servering av god kafèmat. Her vert òg andakt og informasjon om arbeidet basaren er til inntekt for.
Vyborg er ein liten by like ved St. Petersburg i Russland, med mykje sosial naud. Vyborghjelpa driv fleire prosjekt for å hjelpa både gamle, barn og ungdom med pengar, praktisk hjelp og arbeidskraft og kunnskap til å reisa nye bygg. Parallelt med dette driv Vyborghjelpa evangeliseringsarbeide.
Vyborghjelpa ynskjer alle hjarteleg velkomne!!