Val av nytt styre: Øystein Huglen held fram som leiar, styremedlemmar er: Jon Olav Heggland, Øyvind Sortland, Gro Anita Nesse, Nils Dale Elde, vara: Ragnhild Svendsen Hege Elin Haukanes. Revisor: Hedvig Flornes.
Årsmelding: ” Bygdalaget har hatt 5 styremøter. Arbeidet for Bygdalaget dette året, har for det meste vore retta mot ny tilflytting til øya. i samband med det, har med i forlenging av LivogLyst prosjektet, danna ei eiga bulystgruppa. Denne har som hovudmål å jobba fram tomteland, utvikla utleigebustader, og jobba med potensielle tilflyttare som vurderar å slå seg ned på Huglo. I denne samanheng kjem no Bygdalaget til å gå inn på ein kjøpekontrakt med kommunen, for å overta barnehagen. Formålet er å gjera denne om til utleigebustad. Bygdalaget har også underteikna ein kjøpsavtale vedr. ein 1.7 da stor tomt i Samsonshagen. Her kan ein truleg få til to utleigebustader.
FAU-huglo søkte i si tid om midlar til utbedring av skuleplassen. Dei fekk tilsagn om kr. 40.000. Sidan FAU ikkje er oppegåande for tida, har Bygdelaget teke over prosjektet, som har frist til å stå ferdig innan mars i år. Her vil krevjast ein del dugnad.
Bygdalaget har som åra før holde eit jamnt gnål på Vegvesenet for reasfaltering*/utbetring av FV-vegen på øya. Og endeleg forsvann feristene, utan at humpane blei borte. Det vart også gjort ein del rydding av busk og kratt, og litt arbeid med å få bort det verste vassiget inn i vegen.
Elles kan Bygdalaget melda om at det truleg kjem venterom på Jektavik frå hausten av.
Fastsamband til Huglo nådde ein milepæl i 2012. Kommunestyra i Tysnes og Stord har vedteke å gå for trase over Skorpo slik m.a. Huglo Bygdalag ønskte den. Det vil sei ny veg frå brufeste til Skorpobrua.
Vatn og breibandutbygging på Huglo har det også vore jobba med. Dette er saker som ikkje vert gjennomført med lynets snøggleik, så dette vert nok områder Bygdalaget må engasjera seg i ei tid frametter før det er på plass.
Det har tidlegare vore søkt om “Smil midlar” med positivt tilsagn, for opparbeiding av badeplassen på Leiro. Bygdalaget har sett ned i gruppe som skal arbeida vidare med dette prosjektet. Bygdalaget har stått for vedlikehald og drift av Vikasanden, og har hatt ansvar for å reisa julegrana ved butikken. Ellers har Bygdalaget gjeve tilskot til Bygdekvinnelaget vedr eit spinnekurs, og støtta “Fabrikken 2012” økonomisk.
Fabrikken 2012 var ei fantastisk musikk- og kulturhending, og bygdalaget vil gratulera ungdomane som sto i spissen for å gjennomføra ei slik stormønstring.
Også Huglo båtlag skal ha stor ros for molo og båthamna som snart står klar på Nordhuglo.
Til slutt vil Bygdalaget takka alle leg og organisasjonar, og enkeltmennesker på øya, for alt dei medverkar i for å gjera Huglo til ein god stad å bu.”
Øyvind Sortland orienterte om Bulystprosjektet. Barnehagen vil vera klar som bolig i vår, og ein finansieringsmodell har vore avtalt i samarbeide med kommunen og ein håper å realisera bygging av ein todelt bolig på tomta kjøpt frå Samson.
Tradisjonen tro: Inga samankomst på Huglo utan mat og kaffe! Og etter maten diskuterte me løysingar på 17.mai feiringa på Huglo som musikkorpset fekk ansvaret for å setja i gang arbeide med – og etter benkeforslag vert det feiring av 1913 sin hundreårsdag med blautkakefest, og ingen Hugladag denne sumaren.
Hei.
Såg gjennom namna på nytt styre i Huglo BL, men eg savnar eit nytt styremedlem, Nils dale Elde.
Fint om dette vert retta opp.
Mvh
Sigurd Huglen