Referat frå årsmøte i Huglo Bygdelag
Stad | Huglo skule, klasserom |
Møtedato/tidspunkt | 17.03.22 |
Referat | Huglo Bygdelag |
Til stades | 24 personar |
Referent | Marlene Sørli |
Sak:
|
1. Endre leia årsmøtet og gjekk igjennom årsmeldinga:
Styret har hatt sju styremøter i løpet av året. Styret har jobba med desse sakene: 1. Fiberdekning til alle: det er nå kome fiber til heile Huglo 2. Sykkelbua: Har hatt oppfølging og held syklane operative 3. Bustadtomt på Nordhuglo 3/78: Har hatt tomt ute for sal utan respons. Skal prøve å markedsføre tomta betre. 4. Har utarbeida ei prioriteringsliste for ressursbruk i HBL: HBL har mange og til dels store kostnadar, har no laga ei prioriteringsliste på emnar som treng eller ønskes utført. Fyste prioritet er å få flattaket og mellombygget tett og tørt. Her er HBL i gong med å få kostnadsoverslag på jobben som må gjerast av fagfolk. 5. Huglo.no: det er trong for ei investering på omlag 15 000 kr for oppgradering. 6. Kommunal kai på Tongjen: kommunen har vedteke at dei skal sette av midlar til oppgradering av kaien 7. Fastlandssamband: jobber med å få sambandet med på Regional transportplan (RTP) 8. Fjerna skog på skuleområdet 9. El-anlegget på skulen er no i orden. Denne jobben vart gjort på dugnad av fagfolk.
Kari Sæter og Kathrine Huglen skriv under årsmeldinga.
|
2. Innspel:
1. Bygdekvinnelaget har søkt om pengar for å få nytt sceneteppe. 2. Spørsmål om oppussing av kjøkken på skulen. Det er trong for betre fasilitetar, både kjøkken, toalett og garderobe. Spørsmål om vi har pengar til dette. Skulen treng inntekter for at det skal gå rundt. Alle må gjerne komme med innspel i kva dei synest er viktig og kva bygget kan få inntekter på. 3. Oppvaskmaskin er noko som må vere på kjøkkenet i 1. etasje – bør vere ein førsteprioritet. 4. Er det gjort noko tanke om kva som kan gjerast for å markere oss som ein mogleg plass å leige? Skuler på Stord er nok veldig interesserte i å leige skulen på Huglo til utflukter og kan vere ein stor inntektskjelde. Fasilitetane på skulen må forbetrast før ein aktivt kan markedsføra seg som ein mogleg plass å leige. 5. Det finns mange støtteordningar som bygdelaget kan søke på – bør vere meir aktiv i å søke etter midlar som kan nyttast til å vedlikehalde skulen. 6. Tilbodet om bibliotek på Huglo skule vert no avslutta. Hyllene vert fjerna og det vert hengt opp eit stort bilete som Malene Åsheim tok i samband med boka ho lagde om Huglo. |
3. Erling Grov orienterte om driftsstyret:
Har jobba fram prioriteringsliste for kva som trengst å gjerast med skulebygget. Driftsstyret skal jobbe ut i frå denne lista i lag med styret. Må lagast eit budsjett.
|
4. Janne Eikeland orienterte om rekneskapet
Delte ut kopi av rekneskapen. Det har vore eit overskot på 60 000 kr i 2021. Har vore greitt med utleige, og vi får 50 000 frå kommunen. Barnehagen gir jamn inntekt. Har søkt om støtte til straum – da dei siste rekningane på straum har vore rundt 13 000.
Innspel: – Kan vere mogleg å ta eit lån, særlig om ein finn ut at det vil vere mogleg å leige ut skulen om ein får fasilitetane på plass. – Spørsmål om leiga på barnehagen. Prisen på leiga burde gjerne justeras opp.
|
5. Valnemda v/ Kathrine Huglen, Hege Elin Haukanes og Eva Grov
Kathrine Huglen orienterte om kven som var på val i styret:
Styret i Huglo Bygdelag: På val Endre Caldwell (19/20 + 21/22) Tek attval som leiar 1 år Marlene Sørli (20/21 + 22/23) Tek attval 2 år Erling Grov (20/21 + 22/23) Tek attval 2 år Janne Eikeland (19/20 + 21/22) Sigurd Huglen (21/22) Vara: 1. Vara: Kjersti Aasheim (22/23) Lars Haukanes går ut 2. Vara: Alf Einar Notland (19/20 + 21/22)
Driftsstyret: (Driftsstyret konstituerar seg sjølv) Nils D. Elde (22/23) Albert Eikeland går ut Ole A. Kannelønning (21/22) Erling Grov (20/21+22/23) (styret sin representant) Tek attval 1 år Vara: 1. Vara: Elin Karlsen (22/23) 2. Vara: Elin K. Haukanes (19/20 + 21/22)
Revisor: Hedvig Flornes Tek attval 1 år
Ny valnemnd: Kathrine Huglen (22/23) Kan høyre med Lars Haukanes og Albert Eikeland om dei vil vere med i valnemda for neste årsmøte.
|
|