Årsmelding Huglo idrettslag 2021
Styret for laget har i 2021 vore slik:
Leiar: Øyvind Sortland
Kasserar: Sigurd Huglen
Skrivar: Kjetil Sømoe
Styremedlem: Lars Olai Haukanes
Styremedlem: Tiril Sømoe Huglen
Vara: Mathilde Nødland og Engeline Haukanes
2021 har òg for idrettslaget vore prega av pandemi, men styret er nøgde med aktiviteten me har klart å få til likevel. Styret har i 2021 hatt fem ordinære styremøter.
Laget har dette året hatt 60 betalande medlemmer. Medlemskontingenten har vore kr 200.
Idrettlaget har framleis drifta styrkerommet i skulen. Dette året vart det kjøpt inn ny, flott romaskin. Rommet er flittig i bruk og styret håpar fleire av brukarane vil ta del i drifta av rommet.
Laget har òg drifta ballplassen Leirvikestølen, hatt ansvar for kajakkutlån og hatt ansvar for rydding på badeplassen Vikasanden. Takk til alle som har tatt del i dette arbeidet.
Turorienteringa har vore i gang frå påske til oktober. Me la til rette for at deltakarane sjølve skulle registera postar på eige kontrollkort. Dette har letta jobben for styret mykje. Det har òg vore mogleg å skriva namn på lapp, og alle som har gjort dette er med i trekninga av ein premie. Inntrykket er uansett at folk òg dette året har sett pris på aktiviteten. Det er selt 48 kart på butikken, og når me veit at mange kart vert nytta av fleire personar er det god deltaking for turorienteringa.
Den årvisse turen til Varden palmesøndag vart diverre avlyst pga smittevern.
Idrettslaget laga bål, arrangerte fotballkamp og la til rette for Jonsokfeiring på Leiro. Matsalet gjekk ut i år, men folk sette uansett pris på å samlast ein fin kveld.
Varden opp vart arrangert 31. august. 16 sprekingar deltok i fint og varmt vær.
I haust starta me opp fellestreningar for unge og vaksne ein kveld i veka. Dette var positivt og godt motteke. I desember kom nye pålegg om innstrammingar pga pandemi, så fellestreningane måtte venta. Men no håpar me å starta opp att.
Idrettslaget vil takka alle medlemmer og andre som har støtta laget dette året!
Huglo 30. januar 2022
Øyvind F. Sortland