Årsmøte i Bygdalaget den 25.februar 2021.
Nærare info om evt påmelding og gjennomføring kjem fortløpande.
Me minnar også om lotteriet:
Bygdalaget har mange oppgåver, som å ta vare på skulebygget, utleiebustaden (tidl. barnehagen), fellesareal, og så er bygdalaget pådrivar for saker som gjeld Huglo (t.d. fastlandssambandet), minner styret oss om. Styret seier at laget har mange utgifter og diverre få inntekter. Derfor frir styret, på vegne av laget, til alle med tilknytning til Huglo om å støtta Huglo Bygdalag gjennom ei kronerulling – der det er sett opp ein flott premie!!
Ein kan bidra med kor mykje ein vil, men gjevarar får eit “lodd” for kvar 500 kr. ein bidreg med. Blant desse vil styret trekka ut eit vinnarlodd.
Premien er ein full avbeidsdag der Endre og Erling stillar med det dei har av maskinar og utstyr, til eit prosjekt du, vinnaren, treng utført.
Kjøp av “lodd” eller støtte, kan gjerast på Huglabutikken, eller direkte til Vippskonto 629543.