Virusfritt eldretreff?

burst

Inntil skrivande stund er det ikkje observert eit einaste lite virus på Huglo.  Så no prøver me å arrangera eit eldretreff igjen, med alle smittevern i tankane.  I skulestova er det ikkje noko problem å halda ein meters avstand.  Me kokar koppane, men vil du vera ekstra på den sikre sida, kan du jo ta med eigen kopp, og eiga teskjei til å spise kake med.

Steinar Hystad kjem og les frå ei av sine eigne bøker.  Og så har billedgruppa gjort mykje arbeide sidan sist, men me treng hjelp til namn på fleire bilete.

Så me håpar på godt frammøte og seier hjarteleg velkomen

onsdag 10. februar kl. 15 – 17.

2/3 av billedgruppa i arbeide