Årsmelding.
- Har hatt 9 styremøter.
Vikasanden.
- Har utført vedlikehold på badeflåte.
- Det er rydda bort stuar etter rotvelte .
- Bør utføra noko vedlikehold. Terrenget har sett seg nokre plassar og bru over bekk bør ordnast.
Vatn og avlaup.
- Leidning med vatn og avlaup vert lagt ned frå Reset til sjøen. Spillvasstank vert lagt oppom skogsvegen . Vassleidning vert kopla til eksisterande kum ved sjøen. Dette arbeidet er delvis ferdigstilt.
- Det vert lagt vassleidning frå eksisterande kum om lag midt i Tveitebrekka til Tveit. Oppstart i disse dager
- Engevik og Tislevoll AS utfører arbeidet for Stord kommunalteknikk.
17.mai.
- mai vart stelt i stand av Bygdekvinnelaget. Vel utført.
- Nokon som dei også utfører i år?
Fastlandssambandet.
- Fastlandssambandet for Huglo – Tysnes. Prosjektet er inne i RTP, men ikkje sett fast prioritering på
- HBL hadde von om at fastlandssambandet var komen så langt at det kunne gi grunnlag for ferjeavløysingsmidlar (statlege midlar øyremerka til prosjekt). Dette då ein i forkant hadde utarbeida ei konsekvensutgreiing med godkjent val av vegtrase. Melding frå staten om krav til detaljreguleringsplan kom kommunane i hende så seint at dette arbeidet ikkje let seg gjera innanfor 2017. I desse dagar jobbar SK, TK og HFK med å avklara potten på ferjeavløysingsmidlar etter ny ordning. Når dette er avklart kan detaljplan utarbeidast.
- HBL har i budsjettet for 2018 komen med innspel til at det vert avsett midlar til detaljreguleringsplan.
Huglo skule.
- I vår/sommar vart søre veggen skrapa og malt samt deler av gymsalen.
- Det er endå mykje vedlikehald att.
- Straumforbruket er redusert.
- Reknar med at driftsstyret vil kalla inn til dugnad for vedlikehald både i, på og rundt skulen.
Innspel til rullering av kommuneplan.
- HBL har sendt innspel til kommuneplanen. Det går på det generelle samt oppretthalda det som ligg frå den eldre kommuneplanen.
Vonar at Stord kommune startar opp arbeidet i 2018.
Leiro.
- Har fått betre vegtilkomst til badeplassen på Leiro.
- Har fått løyve på SMIL midlar (kr. 15.000,-)
- Har fått lov til å sikra strandsona mot utvasking.
- Har fått lov å laga bålplass og leggja nokre større steinar i forkant av denne.
- Det er pr. dato lagt ut nokre lass med stor stein.
AMK –sentralen.
- Har sendt brev til Stord kommune vedr. bruk av ambulansebåt.
- Har hatt kontakt med ordføraren. Han har hatt kontakt med AMK – sentralen. Det er ferja som ligg i beredskap som er basisberedskapen, men ein kan også nytta ambulansebåten. Det er viktig å orientera AMK- sentralen om situasjonen og at det ikkje er ambulansekjøretøy på øya.
Huglo idrettslag.
- HIL søkte om å få utvida areal i tilknyting til eksisterande styrkerom.
- HBL har godkjent søknaden. Utvidinga omfatter garderobedelen av «jentegarderoben». Det er laga opning mellom romma.
- HBL har fått inntrykk av at trimromma vert mykje brukt.