Her er gjengen som dirigerar trafikken på Huglo for tida. Alt handlar om den store asfaltleggemaskinen, som tar heile vegbredda. Ikkje heilt enkelt å snika seg forbi når huglavegen ikkje har plass til meir enn ein bil i bredda. I går fekk dei som skulle nordover etter trimmen, vita at det blei ein halv time å venta. Men så var det ferjetid, og med litt samarbeide og litt kjøyring på gras, gjekk det bra utan fysisk kontakt mellom kjøyretøya. Så vidt.
Akkurat no er det oppretting og underlag me får, og når dette har “satt seg”, får me til og med eit topplag. Rein luksus i høve til den vegen me har kjøyrt på til nå.
Asfalten kjem med båt (som må frå kai kvar gang ferja kjem – dersom han kjem og ikkje er “midlertidig innstilt” som i dag og mange andre dagar). Firmaet som legg asfalten, er finsk, trafikk-dirigentane kjem frå Sverige og sjåførane er frå Polen. Fin asfalt vert det uansett.