Utruleg kva huglaungdomen får til! Årets Havrettsaften var minst lika fantastisk som dei tidlegare. Lekker forrett av gravlaks med avokadokrem og korrianderyoghurt, hovudrett (eller var det mellomrett?) steinbitrull med potetpurrè, – og så koldbordet med 28 rettar + dressingar, brød og urtesmør. Det er tradisjon at det kvart år er ein ny og litt spesielt spanande rett (kven hugsar ikke veraballane med svartedaudir?). I år var dette strandsneglrullade – ein stor tolmodsprøve for dei som skulle pirka ut eit kilo strandsnegler!! – og dei som var bleike nok til ikkje å prøva dette nye gourmet-innslaget gjekk glipp av noko veldig interessant! Blåskjella var i år dampa i øl og cider, skalldyrpaien og Alice sin salat samt Åse sine gode sildarettar var på plass – her gjekk ingen svolten eller skuffa frå bordet.
Som Anngunn sa i velkommen-talen: Mange har bidrege til resultatet, ingen nemt ingen glemt, men ein stor honnør skal dei ha! At dei har det gøy medan dei planlegg og arbeidar samen, er ekstra fint. TAKK frå dei meir enn 80 frammøtte!
Og etterpå var det dans til levande musikk ved Olav Eger
Hesjedal. Då dei siste ungdomane kom heim, var foreldra gått i floren. Me gler oss til neste havrettsaften.