Avisa Sunnhordland bruker heile baksida for å fortella abonnentane sine at “No får du vita nøyaktig kor mange grader det er i vatnet.” Tenk, EY Skye på Stord har fått med seg kommunen og Friluftsrådet Vest på å måla vatntemperaturen digitalt fleire ganger i døgnet. .. Fem digitale målarer er utplasserte, fortel avisa, 4 på sumarøya Stord og ein på Fitjar. Tenk det. Kva med sumarøya Huglo, som altså skal vera ein del av Stord kommune!? Og attpåtil seier onsdagsavisa at “idylliske Sætravika slår til med 14 grader, i Sponavikjo er det 13 grader.
Badetemperaturen i Huglavikjo kl 12 i dag, onsdag, var 17,4 grader. Utan hjelp av digital målestasjon.