NB! ARRANGEMENTET ER AVLYST (grunna manglande påmelding). Musikkinslaget er flytta til Huglabutikken, kl. 13.00, 1. juni, så møt opp der i staden :)
Laurdag 1. juni planlegg bygdekvinnelaget å arrangere Baklukesalg ved bygdahuset, ute på gamle skuleplassen. Det vil seie at ein fyller bilen (eller eit bord) med ting ein ynskjer å selje. Det kan vere brukte ting, planter, bakst – altså kva som helst. Bygdekvinnelaget lagar til kafè og det blir trekkspelmusikk ved ein gjeng karar frå Stord.
For å vite at me har nok påmeldte til å arrangere dette, treng me at du melder deg på snarast om du vil vere med. Siste frist for påmelding er 27. mai. Send melding til Kjersti Åsheim 90884520