Basar til Vyborghjelpen

Sundag var det basar i Bedehuset til inntekt for hjelpearbeidet i Russland. Tre huglarar var med på bussturen med hjelpesendingar i vinter: Vigliv Brandvik, Nils Olav Taranger og Willy Trøite. Nils Olav og Willy hadde fotografert flittig på heile turen og Willy hadde laga lysbildeshow som me fekk sjå. Som alltid på basarar på Huglo, var det ein overflod av nydelege kaker og kaffe/te. Effektivt nok var det berre ein omgang med åresal, men saman med salet av kaffematen, var resultatet på kr. 6.500,- til Vyborghjelpen. Vel blåst, gode hjelparar!!