Arbeidsgjeng på Huglo skule

På skuleplassen til Huglo skule står det no ei ny leikehytte. Alle elevane på skulen har saman med rektor Reinert Agdestein jobba dugnad i nesten alle friminutta sidan hausten i fjor. Av alle leikehyttene som har blitt bygd på skulen opp igjennom åra, så må denne vere den finaste!

7. klassingen Åsmund har skreve rapport om hyttebygginga, og han skriv: “Ein dag kom Reinert med mykje material. Me skulle lage hytte, og me skulle samarbeide alle saman. Me planla korleis hytta skulle sjå ut og korleis me skulle byggje ho. Først brukte me spett til å lage hol til gjerdestaurane. Me sette staurane nedi hola og målte kor stort golvet skulle vere. Så spikra me golv, me brukte veldig mange spikrar! Så sette me opp peilar, laga posisjon til døra og spikra vegg.”

Arbeidgjengen

 Dei flinke elevane spikra så golv på loftet og sette opp sperrer som dei hadde laga på sløyden. På taket skulle det vere tjørepapp, så dei måtte først spikre fast fjøler som pappen kunne liggja på. No står hytta heilt ferdig, og alle elevane er svært nøgd med resultatet!