Utruleg kjekt! Dei som tel frammøtte, meiner det kom 2,5 ganger så mange personar på basaren som personar som vaknar på Huglo ein arbeidsdag. Og resultatet var nær 60.000 kroner! Dei som ordna basaren, sørga for at det var enkel servering og ikkje noko dyrt eingongsservise eller andre utgiftar, så dei 60.000 går (nestan) rett til konto for Bygdahuset. Vel gjort, både dei som gjorde forarbeidet og stor takk til alle som bidro økonomisk.
Del dette innlegget