Torsdag i romjula var det dugnad på Bygdahuset, og seks driftige huglarar fekk sett inn nye vindauga i kjøken og trimrom nede. Det står framleis att noko arbeid med innvendig listing og foring, men no er det i alle fall tett og godt,
Vidare jobb på huset er å ordna/pussa opp mellombygget og garderobane. Arbeidet vil bli utført stykkevis, etter kva økonomiske midlar laget har. På bilete ser me også at det er kommen varmepumpe, og denne er montert oppe i møterommet i småskulen.