Endeleg var det mogleg med bedehusbasar igjen! Basaren til inntekt for drift av bedehuset er ein påsketradisjon for mange. Det var heilt fullt hus med over 100 personar, så ein måtte til og med dekke bord i gangen. Vi fekk alle god kaffimat før Kari Bolette Lundal heldt andakt. Etterpå var det duka for åresal og trekking av ein heil haug med gevinstar. No håpar me alle får gode påskedagar på Huglo!