Berrføttevegen t/r

Klokt nok blei det, i denne varmen, ikkje Varden opp i år, men Berrføttevegen frå kaien til steinbrottet og tilbake.  Start og innkomst var på kaien, der folk kunne heie både ved start og innkomst – der ein god, kald dusj venta dei 10 sveitte løparane etter den vel 3km lange turen.

Mathilde og Kristoffer starta i flott stil

Are vann herreklassen på tida 9,39, det var berre 5 sekundar som skilde Birk og Henrik i barneklassa, dei kom inn godt under 10 minutt, Marit vann dameklassa på 11,44, og yngste løpar, Ulrik, gjekk over målstreken i god stil og foran pappa Nils Henrik.  Vel sprunge, alle!  Det var premiar til vunnarene av klassane, og deltakerpremie: valfri is frå Huglabutikken, til alle 10.

                               Ulrik orka smila sjølv etter innsatsen i varmen

                                Og så var det premieutdeling