Den sjølvoppnemte prosjektgruppa Eline, Åse og Hedvig har i eit år no, minst, arbeid med å samla inn, få forstørra, samla namn på bileta og sette ramme på gamle skulebilete. Dei fleiste har vore vist ved forskjellige høve, særleg for å få konsulenthjelp til å setja namn på alle barna på bileta.
No har dei endeleg fått plass på veggen i det klasseromet som vert nytta til møterom. Me vonar at mange finn bileta interessante og hyggelege å sjå på. Og kan nokon hjelpa oss med årstal på dei bileta der alle elevane kvart år er samla, er me takksame. Det gjer “årskulloversikta” enda meir interessante.