Vestlandet sitt flytande bibliotek, Epos, kjem til kaia på Sørhuglo
torsdag 5. mars kl. 17.00 – 18.30
Som alltid har bokbåten med seg nye og gamle bøker til utlån og gode råd til den som vil finna noko spesielt å lesa.
Kulturprogrammet er i samarbeide med Hordaland folkeakademi. Denne gangen handlar det om Sindre, som likar skummel musikk, men han lurar på kva som gjer musikken skummel? Programmet er med Sindre Sortland, som spelar den skumlaste musikken han kan, nesten utan å verta redd, så må publikum laga si eiga historie til musikken, som gjer han skummel.
Programmet startar kl. 17.00, og høver for barn fra 5 år.
Velkomen om bord!