Bokbåten kjem!

bokbåten Epos

Laurdag 11.mars legg bokbåten Epos til ved kai på Sørhuglo.  Denne gongen fortel Brita Brodal eventyret om guten som gjekk til Nordavinden.  Programmet startar ca. kl. 12.  Båten vert liggjande til kl. 14.  Som alltid har bokbåten med bøker og gode råd for dei som vil finna noko heilt spesielt å lesa.

bokbåten

Dei som har lånt bøker og ikkje kan levera på båten på laurdag, kan levera bøkene til Åse på førehand.

Velkommen om bord i Vestlandet sitt flytande litteraturhus!

bokbåten