Brannvern 4

No er eg tydelegvis eit skritt etter hendingar på Huglo, men likevel:  Det høyrer med til barnelærdomen ALDRI snu ryggen til ei fettgryte på komfyren, og alltid ha eit tettsluttande lokk liggjande klart.  I julestrida har altfor mange brannar starte ved at ein “bare” skal opne for den som ringar på, eller “bare” skal eit eller anna veldig kort ærend som vert litt lenger enn ein hadde trudd – og så kokar smultgryta, som nesten ikkje hadde starte med å verta varm ein gong, over.

Har ein ikkje tett lokk – eller dette er allereie for lite, grip ein det ein har:  jakke, teppe – kva som helst for å kvela flammane, men for all del ikkje vatn!

Lukke til med smultringane – eller vert det fattigmann i år?