Risikoen for å omkomma i brann er størst i helgene – og aller størst i romjula. Og det er heimen som er den verste brannfella: Åtte av ti dødsbrannar er i bolig, fyrst og framst i kjøken og stova. No i den uvanlege vinterkulda set mange på ein ekstra elektrisk ovn, kanskje med skjøyteleidning – men er den stor nok? Og jorda? Det er farleg å overbelaste ein elektrisk leidning ved t.d. å nytta ein lampettleidning som skjøyteledning til ein varmeovn!!
Elektriske varmeputer og varmelaken har óg vist seg som gode brannstiftare: Isolasjonen inni dei vert gamal og sprø, og der dei ligg under dyna utan tilsyn er det ikkje så reint skjeldan at det vert ulmebrann som kan blussa voldsomt opp når det kjem luft til. Pass på å ALDRI sovna med elektrisk oppvarming som ikkje er slått av, i senga!!
Har du sjekka at du høyrer røykvarslaren om du ligg godt nedgravd under dyna? Og det er ikkje berre batteria som går ut på dato, røykvarslarane kan faktisk verta for gamle til at dei varslar, sjølv om batteriet er nytt. Ikkje så dumt med seriekopla varslarar heller!