Her er ei lita statusoppdatering for bulystarbeidet på Huglo.
Huglo, samarbeider med Espevær, Fjelberg og Møkster om prosjektet ”Flytt til LivOGLyst”. Målet er å auka tilflyttinga til desse øyene og å dela erfaringar og læra av kvarandre. Hovudsaken som vert jobba med er tilgong på utleigebustadar. Dette er viktig, og det vert jobba for å skaffa finansiering og å få sett opp eit utleigehus på kvar øy så snart som råd. Ein driv i samarbeid og utarbeidar ulike løysingar for dette som ein håpar å få ”seld” inn til kommune og andre.
For Huglo sin del var Fabrikken2012 ei stor bulystsatsing som me håpar gjer øya vår til ein meir attraktiv og triveleg stad å bu.
I sommar hadde me annonse ute på finn.no der me søkte barnefamiliar til huset til fam Leif Nordtveit, som leiger dette ut komande år. Her var stor respons og i slutten av denne månaden kjem ein familie med tre born endeleg på plass – dette ser me fram til og oppmodar alle om å ta godt i mot dei nye huglarane.
Det vert òg jobba med å få på plass avtale om at barnehagen kan fungera som utleigebustad. Dette er vonleg snart i orden.
Denne veka kjem ein student frå Universitetet i Bergen på besøk til Huglo. Ho skriv masteroppgåve om bygdeutvikling og skal bu i tunet til Eline og John Bruntveit. Ho vil gjerne snakka med folk ho møter, og ho er veldig triveleg.
På laurdag kjem fotograf Magne Langåker til Huglo. Han er blitt engasjert av prosjektet for å ta bilete av folk og liv på dei fire øyene. Desse bilete kan ein så bruka i ymse profileringsmateriell framover. No er det meldt fint vær, så me håpar Huglo og huglarane vil visa seg frå si beste side på laurdag!
Bulystgruppa på Huglo er John Olav Heggland, Alf Einar Notland, Albert Eikeland, Sigurd Huglen og Øyvind Fagervoll Sortland. Gruppa er organisert under Huglo bygdalag.
1 kommentar