No gravast og byggjast det over heile øyo! Noko for sal, noko for utleige og noko til eige bruk. Her vert mykje nytt, så mykje skjer på området for regulering, eiedomssal og byggeplanar, at det er vanskeleg å halda seg orientert. Men sikkert er det at her vert det forandringer. Bygdalaget har fått lovnad om finansiering av den planlagde bygginga av utleigebolig i Samsonhagen, i Barnehagehuset kjem det etter planen leigebuarar 1. januar, og på Nordhuglo vert det hustomt for salg til våren.
Dei huglarane som sørgjer over at huglasamfunnet med 300 fastbuande (forrige hundreårsskifte), ca. 30 born i skulen 1940-talet, 35 elevar ca. 1970-talet, 35 gardsbruk med smått og stort (rekna midt på 1900-talet), med arbeidsplassar også i industri og båtbyggjeri, dei må nok innsjå at dei tider kjem aldri tilbake. Men optimismen rår på Huglo, initiativ og positive tankar om framtida for øya kjem tydelig fram i all verksemda.