Det var tett kring borda då Huglo bygdekvinnelag arrangerte søndagskafe i skulen. Utstillinga “Kjøken og husstell før i tida” fall godt i smak hos dei besøkande, og inneheldt eit stort antal gjenstandar som har vore i bruk i heimane før i tida. Tore Lande Moe gav oss eit interessant og historisk innblikk i korleis kvinnene si rolle i arbeidslivet har utvikla seg gjennom tidene. Både kakene og kaffien fekk bein å gå på, og folk såg ut til å ha ei triveleg stund.