Dametrimmen har starta opp igjen, med den uhyre spreke Eline som leiar. Veldig kjekt! Men det må da vera fleire enn 7 damar på Huglo som vil trimma under kyndig leiing ein gong i veka? Heilt utan grunn til prestasjonsangst, her gjer me det me får til og orkar, og alle har nok med seg sjølv.
Kom igjen, og møt opp i gymsalen på skulen kl. 18 neste tirsdag! Absolutt inga kleskode, men det kan vera lurt å ha med seg eige underlag, t.d. av typen frå telttur, madrassar er det ikkje mange av i gymsalen.