Det var betre i gamle dagar . . .

Det finnest folk som har 1. oktober som viktigste dagen i året.  For da startar hummerfisket!!  No er ikkje mange ting som det var før i tida, og serleg ikkje hummerfisket – men det er mange, mange fleire som fiskar og det har to sider:  Det vert ikkje så mange på kvar fiskar – men så er det mange fleire som får ein hummar på bordet, kanskje til og med nok til å kunne dela med dei næraste.

Biletet over er frå 2003.  Opptellinga den gongen stoppa på 55 – men det er lenge sidan.  No er fiskarane glade om dei greier å fanga over 10 hummarar, og då vert det dagar med tome teiner og 0 fangst.  Har ein hatt eit par 0-dagar på rad, ein får berre rognhummarar ein har hilst på før og kasta overbord kvar gong – då gjer ein opp, tar opp alle teinene, kastar særs råtent agn og seier seg nøgd.  Og då kan festen begynne!