Dra på holmetur

Borte bra, men heime best! (?)  Gåsholmane er heilt spesielle, men me har holmar i nærmiljøet òg!  Godt skjerma for nordavinden dersom ein held seg på sørsida av trærne, som dei smarte hegrene gjer det.  Nydeleg badevatn og så kan ein symja på tur mellom holmane medan nista og termosen med kaffi ventar på Flatholmen, og båten ligg fint i le.  I går var vatntemperaturen på heile 18 gradar!  Og hekketida for sjøfuglane er over,  berre to kjeldar var irriterte over å verta forstyrra, men ungane var ute av reiret for lenge sidan.

Sola kjem tilbake om eit par dagar, seier yr.no.  Kanskje Nordhugloholmane vert neste holmetur-mål?