Fellestur Haukanes – Nordhuglo

2017-05-21 004Me var 4 vaksne, to barn og ein hund som gjekk frå Haukanes til Nordhuglo i vekslande terreng og særs vekslande ver.  Men ein flott tur er det, og litt regn tåler innbarka huglarar.  Merkinga på Haukanessida kunne vore betre, særleg avdi stien ikkje er like tydeleg alle stader.  Kanskje er det ikkje så mange som går denne turen, men i år ligg det to orienteringspostar like ved stien, så den vert vel tydelegare etter kvart.