Det vert herved invitert til dugnad laurdag 28. mai frå kl. 16:00 på Vikasanden.
Dugnaden omfattar rydding av stranda for plast, tare og liknande. Ordna og setja ut badeflåten, og klargjere bakken og strandområdet for ein ny sesong.
Fint om du tek med deg verktøy, spade, rive og liknande til formålet.
Med det fine veret som er meldt, er det berre til å ta med badeklede om ein vil kjøle seg ned litt!
Vel møtt!
Huglo Bygdelag/HIL