Eg såg i nokre gamle bøker for ei tid sidan og fann nokre samanbretta tettskrivne ark. Det viste seg å vera eit referat etter Mor og Far sin første tur til Sverige på ettersommaren 1961. Målet for turen var å vitja Mor si søster, Ruth som då budde i Stockholm. Mor var med i Huglo Bondekvinnelag og dette referatet vart lese opp på lagsmøtet den 22. november 1961. Grammatikken er slik Mor lærde den i skulen på Huglo for om lag 100 år sidan.
Arne Sortland
Frå ein tur til Stockholm.
Me var fire i lag som kjøyrde i frå Oslo i bror min sin bil. Det var Knut bror min og kona hans ho Solveig, Nils og meg. Me reiste frå Oslo i halv sju tidi. Det var best vera tidleg ute for me hadde langt å køyra heile 556 km. Veret var fint, lite disig til å byrja med men det vart betre etter kvart soli steig.
Det fyrste me merka oss då me var komne litt austanfor Oslo var dei skogkledde åsar, ikkje noko bratte fjell so som me er vane med. Vegen den gjekk for det meste midt etter bygdi med kornåkrar på milevis på båe sider og so lenger ute, skog så langt ein såg. Nokre få stader gjekk vegen igjennom berre skog. Elles var det berre kornåkrer kor ein såg. Sume stader var dei i arbeid med skurden. Me såg både sjølvbindar og skurtreskar i arbeid. Skurdtreskarane sler og tresker kornet og fyller i sekker og syr attfyre dei og so la dei i rader på åkeren til store lastebilar tok dei opp og kjøyrde dei til kornsilo. So det var anna som me var van til. Stå å påta med ein sigd.
Vegane var og ikkje som me var vane med. Dei var asfaltera og to kjøyrebanar med kvitmåla stripa etter midten. Den første tettbygde staden me kom til heite Ørje. Den kunne vel vera umlag som Leirvik. Men derfrå og til svenskegrensa var berre ei mil veg heller so. So det tok ikkje så lang tid fyrr me var ved merkesteinane. Tollstasjon var og like ved. Der og var det fort gjort å verta ferdig. Dei skulle berre ha nummeret på bilen, det var alt.
So var det å fara vidare. Det fyrste me merka oss då me kom over grensa var vegane. Dei var endå beinare og flate og med gul stripa etter midten so farten vart og der etter. Den fyrste byen me kom til heite Årjäng. Her som i Østfoll gjekk vegen so å segja midt etter dyrka mark. Her og var det korn og atter korn, so langt ein såg, og så langt ute skog.
Den neste byen var Grums. Ikkje noko stor by. Sidan vart det kortare millom byarn. Byane me kjøyrde igjennom heite Karlstad, Kristinehamn, Karlskoga, Ørebro, Årboga, Kungsør, Eskilstuna, Strengnes og Sødertelje. I alt 11 byar. Sume av dei var vel på storleik med Stavanger. Frå Sødertelje til Stockholm er umlag 3 mil. Der var vegen enno breidar 2 kjøyrebanar kvar veg og med brei grasstripa etter midten. Me stoppa i mest alle byarne me for igjennom og var ute og såg oss um.
So var me då framme i Stockholm etter tolv og ein halv time og me kan vel seia ein hadde kjøyrt so og seja igjennom ei kornåker heile tidi. Det var berre ein 2-3 stader me såg kuer, umlag 50 på kvar stad.
Me var bra heldige med rettning då me kom til Stockholm, me tulla lit men så spurgte me på ein bensinstasjon men dei var like vis, men me fann då fram etter vegskilti.
Det fyrste me la merke til då me kom til Stockhom var alle dei bruer. Byen ligg på ei mengd med øyar og alle var samanbundne med bruer og sume stader var der tunel som jarnvegen gjekk under vatnet. Sume av bruene hadde to høgder. Det var berre forlite tid me hadde i Stockholm so me fekk ikkje sjå so mykje, men noko for me no yver og. Dei av byggnadene der ruvar mest var nok det Kungliga slottet som det heite. Det var ein stor murbygnad i 3 – 4 høgder men det verka grått og trist.. Riksdagbyggnaden var og eit storbygg. Det låg på ein annan holme. Me var inne og såg Storkyrkan. Det er vel det sama som domkyrkja. Det var ei gamal fin kyrkja med mykje gullstas. Lengst inne med talarstolen var stolar for dei kongelige. Dei var høgt oppå veggen, i høgd med talarstolen. Ein for Kongen på den eine sida og for Dronningi på den andre. Stolane var vent utskorne med gullkanter og gullkrune yver til tak. Lengst innum koret var sarkofag med gamle kongar og fyrstar, og skulpture i full storleik av dei som låg der.
Butikkarne var noko utanom det me var vane med. Som oftast var dei i 4 høgder. 3 med varer av alle slag og eine høgdi var resturang, der fekk ein kjøpa middag og kaffi etter ynskje. Sume varer var ein god del billigare der en heime. So som elektrisk utstyr, kjøkkenutstyr og steintøy.
So var me i Gamla Staen som det heite. Der var smale gater med store varehus på båe sider. På grunn av smale gater fekk ikkje bilarne køyra der. Ein og annen open plass var der og med vannpost og den slags.
Dyreparken, Skansen dei kalla, var og noko for seg. Der var all slags villdyr eit utal av aper og tropefuglar, elefant, bjørn og alle sortar villdyr som me har i Norge. Alle dyr var so spake. Ekorn til dømes åt av handi når me gav dei noko, like eins fuglar og, dei var spake som hønsa heime.
So hadde me ein fin båttur på hamna ”Seitsing” Der var gaid med som fortalde um dei mange kanalar og fabrikkar og skular og mangt anna. Me var fire nasjonar med båten, umlag 30 i alt. Han snakka svensk tysk og engelsk. Båtturen tok 1 time og me fekk sjå ein hel del. Der var eit utal av motorbåter og seglbåter, i alt innregistrera 26000 lystbåtar på Stockholm hamn. Ein kanal me for i gjennom var bygd av kong Karl den 12. Det var russafangar som hadde gjort arbeide. Det var fint og velstelt over alt kor me for, so det såg ut for at det var velstand over alt.
Etter 2 dagar i Stockholm bar det på heimveg att. Då var det sundag so me tok det litt med ro, me var ute og såg oss om i dei ymse byar. Landet er so flatt der borte, for at dei skal få trykkvatten bygger dei svære vasstårn so dei pumpar vatnet uppi og so får dei trykkvatten der frå. I Ørebro var eit kjempetårn på skap som ein sopp. Det heitte og Soppen. Der var heis som gjekk midt etter tårnet so me kjørde opp. 58 meter yver fjellet det stod på Tårnet rumde vel 9000 kubikkmeter vatn. Oppe på toppen var det resturang og suvernir butikk. Der var mykje folk og mange nasjonar, etter flaggi å døma og mange språk var der å høyra og, oss tok dei helst for Engelsmenn heller finnar der burte.
Me kom til Oslo i 1 tida um natta og me var alle einige me hadde havt ein fin tur.
Det var utrolig gildt å lese denne reiseskildringen til farmor! Mon tro om de tok noen bilder på den turnen?
SÅ KJEKKT Å LESE MORMOR SIN REISESKILDRING FRA STOCKHOLMTUREN !
HUN SKRIVER ET NYDELIG SPRÅK – OG DU VERDEN SÅ MANGE INNTRYKK DE HADDE MED SEG HJEM.
DET VAR KJEKKT Å VÆRE BARNEBARN NÅR DE KOM HJEM…DET BLE BABY-BAG TIL DUKKENE MINE…SÅNT GLEMMER MAN IKKE NÅR MAN ER LITEN!
En fantastisk reiseskildring! Så fint at du deler det med oss :)