Det er synd nettsida sin redaktør ikkje har vidvinkellinse til kamaraet, slik at frammøte til denne festen kunne dokumenterast med bilete. Men då leiaren for styret i Huglabutikken AS, Per Egil Sæter, haldt opningstalen før snorklyppinga, meinte han at her var godt over 100 frammøtte, altså ein prosentsats på godt over 100 for øya sin befolkning. Her var sol og smil og grillmat, og musikk ved Huglo Korps som dukkar opp når det er på sin plass med musikk, og til maten var det taffelmusikk ved Håvard Søvig.
Men aller fyrst var det opning av den nye pergolaen foran Huglabutikken, med klypping av raudt silkeband ved Arne Sørli, som tok over butikken etter mor si og dreiv han i 45 år. For anledningen skar han over silkebandet med kniv laga på Huglo.
Per Egil sa i talen at ikkje berra hadde butikken fått ein uteplass kor folk kunne sitja og drikke kaffe og prata, med óg kunne butikken stilla ut varer under tak, det fint støypte golvet gjorde at det var lettare å halda reint, og så hadde dei fått rampe frå det hevete utegolvet og inn i butikken. For fyrste gong kunne dei nå kjøyra varene heilt inn, dei måtte ikkje lenger handbera tunge varer frå lageret og over plassen i all slags ver.
Opptellinga synte at 80 hamburgare var fortert, + pølser og is. Pergolaen er eit glimrande godt tillegg til butikken – og jammen kan folk i Huglabutikken laga til fest! Men viktig er det som Per Egil sa i talen: Tusen takk til alle som kom på festen – og tusen takk til dei handlande. Utan kundar ingen butikk!!
Og så er det berre ein månad til Hugladagen. Kan nokon syta for like bra ver på 3.juli?