Laurdag 4. desember arrangerte Huglo Idrettslag skeisedag på Mørkavatnet. Det har vore den kaldaste november på fleire tiår, så då seier det seg sjølv at isen har blitt tjukkare og tjukkare. 17 cm tjukk var isen då den vart målt på måndag, så den er nok rundt 20 cm no.
Dei vel 40 frammøtte kunne prøve ut gamle kunster, medan det var nokre som gjekk på skeiser for aller første gong.
Eit lite snødryss natta før, førte til at det vart enkelt for idrettslaget å merke opp baner til både løp og hockey. Men snøen gjorde heldigvis ingenting med kvaliteten på isen.
Bålkos vart det også. Dei vaksne varma seg med ein kopp kaffi, medan mange hadde med pølser
Koselege å sjå bilete frå ein flott skeisedag!
Fint at Morkavatnet (Mørkavatnet? Markavatnet?)er teke i bruk som skeisebane. Då eg gjekk på skulen, brukte me ikkje det, merkeleg nok, endå det ligg mest sentralt til. Me gjekk helst til Lomatjødno. Eg har òg vore med på skeisedag på Huglavatnet. Då eg gjekk i storskulen, var me der ein gong. Men det var ikkje kvart år at føret låg til rette for skeisedagar, den gongen heller.