Etter det arrangørane høyrde frå gjestane, var Eldretreffet med førjuls-matbord ein suksess og noko som trygt kan gjentakast.
Interessant var óg besøket av Nols Tore Økland frå Eldrerådet på Stord – i Stord kommune eigentleg, men det vart nemd at Huglo ofte kjenner seg gløymt og utelatt. Økland var imponert over at Eldretreffene “rusla og gjekk heilt uten noko kommunalt vedtak eller administrasjon”. Han meinte at det kommunale Eldrerådet kunne støtta Huglo sine eldre dersom huglarane hadde noko dei ynskte og trengte pengar til, med t.d. støtteskriv til kommunen, Sparebanken eller andre som delar ut midler. Og han oppfordra eldre huglarar til å skriva ned anekdotar av den sorten som forteljast i godt lag, så dei bevarast for ettertida. Tar nokon denne stafettpinnen?