Ein kan ikkje anna enn å beundra desse snøklokkene, som kvar januar stikk hovudene opp av den frosne jorda og trossar snø og sludd, storm og iskaldt regn. Kvart år er dei sikre på at våren kjem, og deira optimisme gjer at både scilla og tulipaner og påskeliljer så vidt stikk små grøne skudd opp og kjenner etter. Jau, det vert nok vår i år også!
Del dette innlegget