Mannskoret Havdur, med dirigenten sin Cecelie Rønhovde, var invitert av Huglo Bygdekvinnelag til å syngja på søndagskafèen i dag. Koret gjorde ikkje skam på namnet sitt, dei ca 23 songarane fylte ungdomshuset med mykje vakker song. Repertoaret var breidt, her var både finsk, norsk og islandsk musikk med norsk tekst, og koret slutta av med ein smakebit av eit nytt prosjekt dei har, idet dei song negro spiritualen “Let My People Go.” Publikum fylte Fjellheim til siste stol og var minst like beigeistra som dirigenten tilsto at ho var over koret sitt. Mannskoret ville ikkje ha honorar i pengar, dei tok det ut i kakespising. Og damene på Huglo lagar veldig gode kaker! Så gode at Havdur ville komma tilbake når dei var ferdige med å øva inn nytt repertoar, som altså vert ein konsert med negro spirituals. Velkommen tilbake, Havdur!
Stikkord: konsertsundagskafe
Del dette innlegget