Ikke alle veit at me har ein minst 50% huglar som syng i eit verdsberømt kor, Byron Consort of Harrow School. Men mange av oss hugsar at William Tallentire gledde oss, og imponerte oss storlegen, med vakker song under julegudstenesta i Huglo kapell for snart 2 år sidan.
William har sunge i dette koret i 4 år. The Byron Consort of Harrow School er skulens elitekor, starta i 2001. Koret har sunge i St. Paul’s Cathedral, Westminster Abbey, Westminster, Winchester, fleire andre kjente katedralar, og i Royal Albert Hall. Dei har til no hatt 16 turar til utlandet – og i desember kjem dei til Norge! Dei skal tilsaman ha 10 konsertar, i Bergen, Tromsø, Lillehammer, Akershus Festning, – og i Fitjar Kyrkje!!
Dersom du vil lesa meir om dette koret og alle konsertane dei har hatt i England og utlandet, kan du lesa her:
https://www.youtube.com/user/ByronConsort
Konserten i Fitjar Kyrkje er fredag 15. desember kl. 19.30.
Entré: Vaksne kr. 150, barn under 15 år gratis