Eit stort løft for Huglo!

Ja, det vert molo! Her skal det skje store ting.

Her kan du skrive ut teikningsfråsegn (side 2) 3465_001[1]

Går det som Huglo båtlag vonar, så skal Stord kommune byggje molo og tilkomstveg, medan  Huglo båtlag skal stå for finansieringa. Det har vore sett anbod for veg og molo der det var 21 interesserte til å gje anbod. 9 gav anbod der 2 av desse var innanfor dei økonomiske rammene som kommunen hadde sett. Firmaet Røssland AS gjekk av med sigeren, og har fått tilbodet.

Skisse av molo og tilkomstveg

Sørli AS har vore konsulent for Stord kommune. Når det kjem til masseuttak, så er det tenkt lokalt. Det er lagt forslag til 3 plasser for masseuttak:
Berrføtedalen, hjå Bruntveit; fjellrygg nær molo, og mellom torvhuset og parkeringsplassen til gravplassen. Men det er likevel opp til entreprenør å velje kor han vil ta ut masse.

Huglo Båtlag har laga forslag til reguleringsplan. Den vil komma opp til 2. gongs handsaming 22. mars i kommunestyret.
Moloen er prosjektert til 100 løpemeter. Det er i første omgong tenkt å lage til 40 båtplassar,  men dette kan doblast. I dag har 35 personar gått inn avtale om båtplass.

Prosjektet er ikkje berre ei småbåthamn, men er viktig generelt for Huglo. Båtlaget reknar med at eit slikt prosjekt vil bidra til å fremje bustadar, fritidsbustadar og anna utvikling. Går det som båtlaget ynskjer, ser me molo og tilkomstveg ferdig til hausten.
Prosjektet er ein viktig milepæl for huglasamfunnet og det er viktig at alle støttar opp om prosjektet. Dersom personar ynskjer å kjøpa seg ein rimeleg båtplass, må dei ta kontakt med Leif Nordtveit. Tlf: 900 62 367

Frå neset inn mot Huglavikjo
Ca. retning til molo nord-aust