Onsdag 8.mai er det tid for eldretreff igjen! Denne gongen møtast me I Konradløa hos Turid. Ho lagar kaffen/te og kaffemat (som me betalar kvar for oss).
Og sidan dette er 8.mai, håpar me at dei blant oss som hugsar noko frå denne dagen i 1945, vil fortelle. Me vil notere minnene og dela dei på huglasido.
Det har vore lite innspel på spørsmålet om sommar-avslutningstur, så det får bli neste år. Eller ein hausttur om nokon har ein god ide.
Vel møtt i Konradløa!