Sommeravslutning for Eldretreff: Tur til Tysnes, Våge og Mandelhuset. Nydeleg ver, mykje fint å sjå på kjøyreturen og nokon av dei 15 som var med, rakk ein tur i butikksenteret og banken.
Men viktigst – i tillegg til samveret – var lunsjen på Mandelhuset. Me hadde tinga Naustet, der er det mykje interessant å studera før bordsetting. God mat og desserten sto til terningkast 5.
Dette kan me gjera omigjen neste juni. Kor går turen då? Forslag?