Endeleg asfalt

Her ligg ny straumkabel
Her vert det autostrada
Her vert det autostrada

På Nordhuglo har veien – som i utgongspunktet var asfaltert – vore prega av graving, anleggsområde og trafikk med kjempestore maskinar.  Fyrst var det vegen til båthavna – som no er blitt den reine autostradaen og noko ein visar fram til turistar – og så var det ny graving for å leggja ny  kabel mellom ferjekaia og trafoen.  Ferja skal verta el-ferje, og då hadde straumkabelen ferja har nytta til no (og trafoen) for lita kapasitet.  Og det var jo heile to år sidan vegen blei gravd i sist, ein kan ikkje venta at planlegging skal gå over lenger tid.  Men no skal det verta slutt på søla:  Mondag vert vegane grusa, og tysdag kjem asfalten – med båt!  Vegen til båthavna vert den flottaste vegen på Huglo, det vert ein fin sundagsrusletur å gå frå Reset og heilt ut på moloen.  Ute på betongklossen i ferjehamna kjem ladestasjonen etter kvart.  Vert det då plass til å stå der med fiskestong?

Huglo har til no hatt 9,28 kilometer med asfaltert veg.  Kor mykje vert det no?  Og kva heter den nye vegen?

Her ligg ny straumkabel
Her ligg ny straumkabel