Ennå eit vårteikn!

Bedehusbasaren Palmelaurdag og turen til Varden Palmesøndag er faste vårteikn på Huglo.  Men det beste er, meinar underteikna, at postane i turorienteringa er på plass!  Det har me glede av langt utover sumaren og hausten.  Kartene kan me kjøpa på Huglabutikken, det er dei store, kvite, umerka konvoluttane i bladhylla.  Pris kr. 200 som går til Idrettslaget.

Stor takk til alle dei som legg ut postane!

Post nr 6, 2011
Post nr 6, 2011