Kva er det som får omtrent 100 mennesker, den yngste kanskje ein månad gamal, den eldste 87 år, til å sitja trongt i dårleg luft i timavis, kjøpa årar for fleire hundre kroner og kanskje vinna 3 vaskeklutar på ein laurdags ettermiddag? Ei handfull huglarar, resten barn, barnebarn, medbrakte og inngifte med tilknytning men ikkje fast bolig og bruk av bedehuset møtte opp på basaren palmelaurdag, høyrde på tale av Gunvald Bjotveit, drakk kaffe og åt heimelaga bakst og prata med kjende og merkte seg kvem som hadde møtt opp og spurde nyhende frå Huglo og tok masse lodd til inntekt for bedehuset.
Det er heilt klårt at dette er ein fast start på påsken for dei mange frammøtte, ein heilt nødvendig hendelse for at det skal verta rett påske. God stemning, glade ferierande og gleda over å koma saman på huglavis gjev god og tiltrengt inntekt for bedehuset. I fjor kom det inn nesten kr. 40.000,- , og det er ikkje umogleg at det vert like bra i år. Den som teljer, får sjå!