Det er dagen før dagen, og like før det brakar laus på fabrikken. Det jobbast i krikar og krokar, og området er snart klart til å ta imot eit festivalgira publikum. Festivalcampen er klar til å ta imot camparar med toalett, vatn, partytelt og sitteplassar.
Foto: Nils Henrik Elde
Det vert også noko for ein kvar smak i restauranten og i kafeen. Fabrikken 2012 kan lokke med fleire middagsrettar og dessertar. Du kan velge mellom ein forlokkande fabrikkburger med salat frå Huglo, laks i lefse marinert med lokal ramslauk, kylling på salatseng, brownies med is og lune bær, mjelkekake med heimelaga syltetøy, eller eline si rabarbrakake med krem.
Mykje skal gjerast og tenkjast på, men i morgon er alt klart for ei triveleg helg for store og små.
Ta Skyssbåt direkte til området ! HER finn du rutene. Kjem du med ferja kan du ta festivalbussen til og frå området. Treng du meir info? Gå inn på fabrikken2012.no eller send mail til post@fabrikken2012.no
Velkommen til ein flott festival !