Fredag startar ståket for alvor! Her skal hamrast og bankast ned store røyr – hammaren veg 8 tonn. Førebels er planen å starta klokka 7 om morgonen og å halda på til utpå ettermiddagen. Må dei banka om natta, vil me verta varsla på førehand. Ein mager trøyst for nordhuglarane, vil ein tru. Men ferjekaien vert altså lang nok til den store ferja vår.
Del dette innlegget