Fabrikken 2015 vart ein suksess og med stolthet kan me no sja attende på dei to dagane i slutten av juli. Både i forkant, under og etter festivalen var det mykje aktivitet på festivalområdet, men og ellers rundt om på øya. Ein stor takk til alle som var i sving med Fabrikken 2015!
I løpet av festivalen var det mellom 900 og 1000 besøkande, veldig stas og ikkje dårleg på ei øy med 100 fastbuande. Me har og motteke tilbakemelding frå fleire av artistane, om at dei hadde det veldig kjekt på den fine øya vår. Me fekk til og med snakka om Fabrikken og Huglo på sommarbåten på NRK når den gjesta Leirvik hamn 24.juli. Her kan du sjå sendinga frå sommarbåten.
Med ei omsetting i underkant av ein million har det vore eit stort prosjekt også økonomisk. Overskotet ynskjer me skal gå tilbake til øyasamfunnet i ei eller anna form.
Fabrikken er eit stort arrangement som krev mykje av dugnadsinnsatsen på øya, som det forøvrig ikkje er noko å utsetje på! Mange timar har vore lagt ned og hjarteleg takk til alle som har stilt opp på eit eller anna vis! Det vert ikkje arrangert fabrikken2016. Men om steminga og viljen er der er me opne for nye sprell ved eit seinare høve.
Me skal ta ei grundig vurdering og evaluering av fabrikken2015 og samla all erfaring som er gjort, med tanke på framtida. Me set stor pris på tilbakemeldingar, dei kan sendast til post@fabrikkfest.no eller kom å snakk med nokon i styret.
Me håpar fabrikken 2015 har vore til inspirasjon, glede og hygge! Og igjen, tusen takk for samarbeidet!
Hjarteleg helsing fabrikkenstyret.
Fabrikken sin “eigen” fotograf Malene Aasheim tok mange flotte bilete under festivalen! Her kan du mimre tilbake:
Foto: Malene A. AAsheim